Korleis vert DU sponsor?

Gladmelding frå den øvste politiske leiinga i kommunen.

Full bornehagedekning.


Foto for www.moisund.com - Gunleiv Moi
Knut Magne Lundemo, og vesle Ronny er busett i Oddeskogen. Pappa er glad for å få plass til yngstesonen i den nye bornehagen. Dei likte kva dei såg. Båe to.

Ei mellombels løysing med bornehage i den gamle befalsmessa gjer at ein i røynda kan tale om full bornehagedekning i Evje & Hornnes kommune. Dette stadfester ordførar Ropstad i ein artikkel i bygdebladet ”Setesdølen” den 26.08.

I den nye bornehagen skal det vere husvære for 36 born i aldersgruppa 3-6 år. Ordføraren skryt av sine sambygdinger som er umåteleg gode til å øksle seg og ser såleis  ikkje bort frå at det om rimeleg kort tid kan verte naudsynt å byggje fleire bornehagar i kommunen. Slikt avgjer Heradstyret.


Foto: oystein@moisund.com