Korleis vert DU sponsor?

Nytt fengsel i rekordfart

Sanitærfløyen snart ferdig.


Foto: For moisund.com: Lasse Liestøl

I god tid før dei fleste av oss kveikjer adventsljosa så skal det nye fengselet på Evjemoen vere klart til å take i mot dei fyrste gjestane. Tida er knapp. Leiinga ved Ecco Bygg stadfester dette men lovar samstundes å verte ferdig innan tidsfristen. Tysdag i sist veke kom folk frå Kriminalomsorgen på vitjing for m.a. å godkjenne den nye sanitæravdelinga. Det blenkja i blankpussa uniformsko, keramiske fliser og ny innreiing frå Porsgrunn Porselen. For å markere sjølve opninga vart vassleidninga kopla til – og kranene opna. Resultatet ser du på biletet. No må mykje av arbeidet gjerast på nytt. Ein kan med rette tillate seg å spørje om det framleis er slik at ” hastverk er lastverk.” Det er Ecco Bygg som sit med svar på nettopp det spørsmålet.Røynde folk som he svar på det meste.