Lasse Trygsland
tok affære
No kan du sjå
gravhaugane på Verksmoen.

Vegskiltet på
Verksmoen he lurt mange turistar og fastbuande ut i eit elende og eit
villniss av bjørkekratt, gamalt skrot og langt gras. Turistattraksjonen,
det 1750 år gamle gravfeltet, er det svært få som he funne fram til.

I desse dagar er
Lasse Trygsland, tilsett i Teknisk Etat, ferdig med å rydde opp i dette
freda, og svært så interessante området. No ser det verkeleg ut som ein
turistattraksjon. Graset er slått, trea er kvista, informasjonstavlene
er synlege og du kan nyte utsikten mot Fennefossen.

Me møter
fagarbeider Trygsland på åstaden. Travelt oppteken med å tale i
mobiltelefonen. Mange vil ringje og takke for ein framifrå jobb. Lasse
vert snart pensjonist. Den gamle lekamen treng kvile. Mykje talar for at
han neste år kan kome attende som omvisar i dette svært så spanande
området. Sumarjobb. Lasse kjenner kvar ein stein. Kvar ei tuve. Ein
talefør og språkmektig mann som turistane vil setje umåteleg pris på.

Du kan parkere
bilen på nedsida av verkstaden til Arvid Lantz. Greie informasjonstavler
fortel kva du kan sjå inne i gravfeltet frå ”Yngre Jarnalder.” Ein tur
me på det strekaste kan tilrå.

Driftssjef i Evje &
Hornnes kommune, Torgeir Hodne, er svært nøgd med at dette unike området
no endeleg kan synast fram for publikum på ein verdig måte. Han gjev
Lasse Trygsland heiderleg omtale for jobben han he gjort.
