Med turmarsj som
yrke
Sverre og Bergljot
frå Gran på Hadeland.
Foto: oddmund
strømstad / øystein moi

Sverre var på
rekruttskulen for H.M.K. Garde på Evjemoen i 1959. Han fortel at kvar
laurdag og sundag så samla rekruttane seg på Hornnes Gjestgiveri for å
spele kort og kikke på jentene. Denne helga var han attende i bygda for
å gå Hornnesmarsjen. Kva var vel meir naturleg enn å overnatte på
Hornnes Gjestgiveri i Dåsnes. Både Sverre og Bergljot skryt voldsomt av
sørvisen og opplegget på den tradisjonelle gjestestova. Det same gjer
dei av opplegget kring Hornnesmarsjen. Dei veit kva dei talar om, den
gamle Gardisten og den spreke kona frå Gran på Hadeland. I fjor deltok
dei på 160 turmarsjar. Sidan oppstarten i 1992 he ekteparet gjennomført
meir enn 1100 marsjar. Dei lyt få lov til å kalle seg røynde marsjfolk.
Me gratulerer og ynskjer velkomen attende til Hornnesmarsjen og til
Hornnes Gjestgiveri neste år.

