Korleis vert DU sponsor?

Hornnesmarsjen for 31. gong

Eit tradisjonsrikt arrangement.
Foto: Oddmund Strømstad / Øystein Moi


Torgeir Moi – ein mektig mann i arrangørstaben.

Det heile tok til med ein prøvemarsj i 1977. Einar Uleberg, Tordis Leifsen, Inger Anne Wienenga og Alf Tore Moen var sentrale personar i oppstarten. Einar Uleberg he vore med på Hornnesmarsjen kvart år dei siste 31 åra. Torgeir Moi syner fram premiebordet og lovar medalje eller ”merke med nål” til alle deltakarane.

Lars Breistøl er ein røynd marsjdeltakar. Hen er ikkje heilt sikker på kor mange gonger han he delteke. Eivind Odd Kallhovd slær raskt opp i det manuelle kartoteket, ei skoeske, og kan stadfeste at Lars he gjenge Hornnesmarsjen meir enn 20 gonger.

Hornnesmarsjen er for ungdom i alle aldre. Her ser me Kristin Skjeggedal med vesle Eline i armkroken.

Fam. Strømstad er ein aktiv familie. Her tek dei seg ei velfortent matøkt etter å ha passert målstreken.

Omsetning av dopingmidler he diverre vorte eit problem innan masseidretten. Slik svartebørshandel er vanskeleg å få kontroll på. Her frå eit tett skogholt mellom Støylen og Uleberg.

Sigrund Smeland sytte for at deltakarane fekk tilført lekamen helsekost av ulike slag.

Trykk på bileta under for å endre storleik