Indo Tre AS etablerer seg på
Evje i løpet av september!
Verksemda
kor Erik Risdal er administrerande direktør og som i dag held til i
kjøpelaget sine gamle lokalar på Byglandsfjord er på flyttefot. Ja dei
har ikkje tenkt å leggje ned verksemda på Byglandsfjord, men ser det som
naudsynt å ekspandere. Dei he for lengst vakse ut av lokala og driv
difor i desse dagar med å reise eit nytt bygg attmed Setpro på Evje.
1200m2 skal det nye bygget bli på og i tillegg vil det kome eit
kontorbygg på rundt 65m2 tett attmed. Dette betyr at verksemda som vart
etablert for berre nokre få år sidan vil ha nærare 2500m2 å boltra seg
på i framtida....

Plata er støypt og heile bygget skal vere reist i løpet av 2-3 veker.
Alt i slutten av september vonar Erik Risdal at dei kan vere på plass
med Setpro som næraste nabo. Var ikkje dei og plassert på Byglandsfjord
tidlegare tru????? Det synast som om det etablerte industriområdet på
Verksmoen er meir attraktivt for nybygging enn kva tilfellet er med
Evjemoen!
Sjå tidlegare artikkel her
Les meir om verksemda på:
www.indotre.no
