Korleis vert DU sponsor?

John Linjord fekk Kongens fortenestemedalje i sylv.


Etter 50 når som leiar av barneforeininga "Vårknoppen" på Kylland i Åseral mottok den pensjonerte skulelæraren, John Linjord, Kongens forteneste medalje i sylv. Ordførar Oddmund Ljosland stod for utdelinga i samband med barneforeininga sin basar på Kylland. Det vart stille hjå alle dei frammøte då ordførar og prest kom inn dynna etter andakten. Då John var i full gong med trekning av gevinstar på alle dei årene som var seld. "Dykk lurar vel på kva dette er", sa Oddmund Ljosland med eit glimt i blikket. Han hadde teke på seg finstas denne kvelden. Med ordførarkjede og det heile. Oddmund er sjølv gamal skulelærar og hadde ved tidlegare høve delt ut kulturpris til John. Etter ein kort og fin tale fekk dei frammøtte utløyst spenninga då ordføraren las opp teksta på diplomet frå sjølvaste Kongen. Han vart mållaus etter dette, John. Det tok tid før han kunne byrja med å lese opp vinnartal igjen denne kvelden. No må John og Lilla byrje å pakke kofferten, for snart ber det tur til slottet for helse på Kongen.


John Linjord og kona Lilla (Gunhild) med det synlege provet på ein god innsats.


Linda Fosse kom med kake som var laga for høvet.


Det var stille i salen då Oddmund Ljosland tala og fleire måtte tørke ei tåre i augekroken då heidersmannen John Linjord fekk utmerkinga frå sjølvaste Kongen.

 

Sjå her kva grunngjevnaden er:
”Vedkommende har på dugnad vært leder for barneforeining ”Vårknoppen” på Kylland i Åseral kommune i 50 år. Det vil sei frå 1958 d.d. Barneforeininga ”Vårknoppen” er tilknytta Norsk Luthersk Misjonssamband. Det å lede et barneforeing så lenge og på frivillig grunnlag, står det stor respekt av. Et barnearbeid som får barna til å komme og som de trives i, kreves mye av den som er leder. John Linjord viser i sitt arbeid, at han setter veldig stor pris på barna og barna setter stor pris på han. Derfor er det et stort ønske at John Linjord får tildelt Kongens fortjenestemedalje. Spesielt i 2008, siden det er 50 år siden John begynte som leder i barneforeininga ”Vårknoppen”.

John Linjord har vært leder av barneforeiniga Vårknoppen i Åseral siden vinteren 1958.. Foreininga blei stifta i 1944 og hadde ligget nede noen år da John starta opp igjen. Foreininga har blitt drevet jevnt og godt siden da. John har eit stort hjerte for barna og misjonen. Den trufasthet han har vist i barneforeininga er verdt ein medalje.  Arbeidet han har lagt ned har gitt mye verdifullt til barna og har gitt et eksempel av det sjeldne. I tillegg til å drive et godt arbeid for barna i bygda har det vært viktig for John å støtte misjonsarbeid rundt om i verden.  Han har sørget for informasjon om misjonsarbeid og at foreininga samla inn penger til dette arbeidet. Gjennom årene er det sendt betydelig beløp til misjonen fra barneforeininga."

Kongens fortenestmedalje - Statuttar

Kongens fortenstmedalje er stifta av H.M. Kong Haakon VII 1. februar 1908. Statuttane vart reviderte av H.M. Kong Harald V 3. mai 1994: Statuttane for tildeling lyder:

Kriterium for tildeling av medaljen i sølv

Kongens fortenstmedalje i sølv blir utdelt som løn for: Særleg fortenstfull innsats over lengre tid i samfunnslivet i offentleg stilling eller verv, ved innsats i frivillige organisasjonar eller ved anna personleg verksemd som er samfunnsnyttig (kunst, kultur, vitskap, sosialt og humanitært virke).

Særleg fortenstfullt arbeid gjennom lang tid i privat eller offentleg teneste, der innsatsen ligg godt over det normale, og der vedkommande òg har vist aktiv innsats innanfor eller utanfor arbeidsplassen sin. Tenestetida må vanlegvis ikkje vere under 40 år.

Fortenstmedaljen i sølv kan òg bli tildelt ein samfunnsborgar dersom livsinnsatsen kan stå som eksempel for andre, sjølv om innsatsen til vedkommande ikkje kjem inn under det som er nemnt i pkt. 1 og 2.