Kvareng og
Hansson
To gutar med tru på framtida.

Johan Kvareng driv
den største turistverksemda på Moi. Gokartbanen. Vegard Hansson driv den
største turistverksemda på Hornnes. Setesdal Mineral Park. Saman er dei
dynamitt. To gutar som kvar einaste sumar dreg tusenvis av turistar til
bygda vår. Johan he budd så mange år på loptet på gokartbanen at han no
vil søkje om å kome i manntalet i den lokale røystekrinsen. Det he så
langt vore ein god sesong seier Kvareng som kvart einaste år he ein
innleigd arbeidsstokk på 12 – 14 ungdomar frå lokalmiljøet. På denne
sida av sumaren er det mest skuleklassar og ulike firma som leiger
banen. Etter skulestart er det bom stopp på den ordinære turisttrafikken
seier Johan Kvareng. Han veit kva han talar om. I meir enn 20 år he han
levd blandt svidd gummi, grillpylser og fri eksos på bilbanen på Moi. Om
vinteren trekkjer han mot kysten – og varmare strok. Like sikkert som
Linerla tripper på tunet så kjem Kvareng til Moi når snøen forsvinn.

Dette
laftehuset, som er meir enn 300 år gamalt, he vore utleigd i heile
sumar. Eit populært sumarhusvære som du truleg ikkje finn maken til så
mange andre stader i landet.
Vegard Hansson i
”Mineralparken” he i år registrert ein liten nedgong i besøkstala.
Likevel ikkje meir enn den generelle nedgongen i turistbransjen. Mellom
anna så he trafikken av cruisebåtpassasjerar til Kristiansand svikta med
71 % dette året. Den Europeiske Kulturhovudstaden, Stavanger,
registrerer ei kraftig auke i talet på cruisepassasjerar. Slikt merkast
sjølvsagt hjå våre lokale reiselivsbedrifter. Vegard Hansson er likevel
ikkje pessimist. Full av pågangsmot, og med tru på framtida, veit han at
i denne bransjen så peiker kurvene både opp og ned. Neste år he han
planar om at Mineralparken skal framstå meir som ein aktivitetspark.
Borna skal setjast i fokus. Ikkje hoppeslott, sukkerspinn og karusellar.
Sjølvsagt er det stein og mineralar som kjem i fokus også her. Borna
skal drive med figurskjering i stein, lage sine eigne smykker og kanskje
drive med ”fossilpreparering.” Me fær ikkje alle detaljene. No planlegg
Vegard å setje opp ein del nye lafta bygninger i parken. Ikkje med
lokalt laftetømmer frå Hornnes Sagbruk. Nei, Hansson vil no lafte hus og
hytter av stein.
Produsert i Kina, montert på Hornnes og fullstendig vedlikehaldsfrie.
Dette må vel kallast nytenkjing. Det er slik forretningsfolk kjem
vidare. ...

Foto: Odd Magne Strømstad
Vegard Hansson sat
i styret i det lokale reisetrafikklaget i to år. Han registrerte ikkje
ei einaste sak som dreide seg om å trekkje fleire turistar til Evje &
Hornnes. Tvert i mot. ” I dag driv Reisetrafikklaget mest med
eigedomsutvikling. Styret bruker det meste av tid og ressurser på å
drifte Informasjonsbygget i Evje sentrum. ” seier Vegard og kan
fortelje om vidare planar for utviding av drifta ved Setesdal Mineral
Park. Store og konkrete planar. Me skriv ikkje om dette førebels.
Tidene, konjunkturene og turiststrøymen til Sørlandet er sjølvsagt med i
planprosessen. På Evje sit reiselivsnæringa og planlegg framtida i ei
lafta trehytte. På Auensneset sit snart Vegard Hansson og planlegg den
same framtida i ei hytte, lafta i Kinesisk marmor. Kva som er mest
solid, med tanke på framtida, lyt andre gjere seg opp ei meining om.....

Det vert lagt opp til eit omfattande
aktivitetstilbod for born i Mineralparken neste år
