A.& O Langeland
på Evje
Meir kremmar –
mindre sentralstyrt.

Frank Langeland, og
kona Åse, he handla med fjernsyn, støvsugarar, radio og vaskemaskinar på
Evje sidan 1985. Ein trufast lokal kundekrins og stadig aukande handel
med hyttefolk i området gjer denne verksemda til ein solid byggjestein i
det lokale næringsliv. Nyleg melde Langeland seg ut av eit langvarig
samarbeid med ”Expert” kjeda. Han er framleis for ekspert å rekne men
vert no marknadsført som ”Euronics på Evje.” Dette er ei kjede som høver
mykje betre for små butikkar på vår storleik. Her stend me mykje friare
med omsyn til vareutval og me vert heller ikkje så sentralstyrt som me
vart tidlegare, seier butikksjef Frank Langeland. No føler han at han
kan vere meir kremmar og kan kjøpe inn varer som høver betre til den
lokale marknaden. I dag er det 5 tilsette i den tradisjonsrike
forretninga med eigen sørvisverkstad i kjellaren.

Ein slik boks til 1500 kroner er alt
du treng for å sikre deg krystallklåre fjernsynsbilete, også i framtida.
John Andersen he
vore i bransjen omtrent sidan fjernsynet kom til Noreg, nærare bestemt i
35 år. Ein framifrå fagmann som hjelper kundane med det meste. Alltid
eit venleg svar svar, sjølv på dei mest håplause spørsmål. Dette året
he John solgt meir enn 300 parabolanlegg. Svært mange anlegg til
hyttefolk både på Gautestad, Fjælestad og Brokke. Til tider he pågangen
vore så stor at leverandøren ikkje he klart å levere nok. Mykje av
årsaka til dette er at frå juni månad neste år så kan ikkje folk take i
mot TV- signal gjennom den gamle antenna. Då er det ”Riks TV” og det
digitale bakkenettet som gjeld. Då lyt folk enten skaffe seg ei
parabolantenne eller kjøpe seg ein såkalla ”Riks TV dekoder.” Dersom du
ikkje krev det heilt store utvalet av fjersynskanalar klarar du deg godt
med ein slik dekoder til 1500 kroner. No kan du og kjøpe
fjernsynsapparat med slik ”Riks TV – dekoder ” innebygd i sjølve
apparatet. John syner oss eit slikt fjernsyn. Biletet er krystallklart.
Skilnaden ser me tydeleg når han slær øve fjernsynet på vanlege TV
signal frå Fennefossmasta. Som nått – og dag. Dersom du framleis er
forvirra så kan me tilrå ein tur innom Euronics på Evje. John kan alt om
dette. Det same kan Agnar Evanger.Han var ikkje tilstades då biletet
vart teke. Ingen læregut han heller. Agnar monterte fjernsyn og antenne
på Moi i 1966. Ikkje i fargar – men fagmessig utført alt den gong.
