Korleis vert DU sponsor?

Situasjonen er alvorleg

Nytt granatfunn på Moi.


Av teksta på granaten kan ein lese at den er av tysk fabrikat og produsert i 1941. Foto: moisund.com / ø.moi

DKS ( Distriktskommando Sørlandet ) kan i kveld stadfeste at det er funne endå ein granat på Moi. For kort tid sida melde moisund.com om eit dramatisk granatfunn hjå entrepenør Svein Hannås på Moi. ( sjå artikkel ). I kveld er det funne ein ny og mykje kraftigare granat i same området. Åstaden for dette dramatiske funnet ligg omlag 200 meter i luftline frå staden der Hannås fann den forrige bombekastargranaten. ” Ein alvorleg og uavklart situasjon” vert det meld frå det lokale, militære hovudkvarteret på Kjevik no i kveld. Moisund.com er på åstaden og fylgjer dramatikken frå minutt til minutt.