Korleis vert DU sponsor?

Ein sykkeltur på 280 kilometer.

Sist veke vart redaksjonen brått vekt ein morgon. Vakttelefonen kima og klokka var så vidt passert 6 om morgonen. I andre enden kunne ein anonym tipsar beretta om at to syklistar nett hadde starta frå Evje for å sykle turen om Evje-Tonstad-Sirdal-Suleskar-Brokke-Evje. Me heiv okk i redaksjonsbilen og fann dei to på veg opp Tveitekleiva i godt driv. Rune Tine Leifsen og Torgeir 113 Bråten nytte begge ein av dei siste sumardagane til å møykje kroppen. Farten opp dei bratte Tveitekleivane var så stor at eg måtte nytte andre giret på bilen for å halde tritt med dei tilårskomne syklistane. Rykte vil ha det til at dei fullførde turen på rett øve ti timar!!! For dei som ikkje er kjende så er dette ei løype som på sykkelsete berre består av oppøvebakkar!


 I fint driv oppøve Tveitekleivane......