Korleis vert DU sponsor?

Ein tradisjon sidan 1950

Basar på Uleberg.
Foto: Oddmund Strømstad

Uleberg Kvinneforening stend som arrangør av den tradisjonsrike basaren i skulehuset på Uleberg. Me veit ikkje nøyaktig kor tid den fyrste basaren vart skipa til,men året 1950 er ikkje mykje galt. Fredagskvelden var det fullt hus på Uleberg. Folk i alle aldre benkja seg i den gamle skulestova. Då den siste hekla duken i Hardangersøym vart overrekt til ein lukkeleg vinnar frå Hornnnes kunne komiteen telje opp 15500 kroner i pengeskåla. Eit kjærkoment bidrag til det viktige arbeidet Kvinneforeninga på Uleberg engasjerer seg i.

Andakt er eit obligatorisk innslag på ein kvar basar. På talarstolen denne kvelden stod ein kar med namnet Erling Heggland. I fylgje tåleg pålitelege kjelder skal han vere soneson til Enok Smith Heggland i Slettefet.

Som vanleg på basar så forsyner Moifolk seg rikeleg av premiepotten. Her er det Anja Lid som reiser avgarde med hovudgevinsten. Strålande nøgd med kvelden.

Godt humør og god stemning i ”ungdomskroken.” Siri Jokelid ( heilt t.v.) freista å halde seg litt i bakgrunnen. Ho er tross alt folkevald. Fast sete i Heradstyret. Då lagar ein ikkje leven på basar. Slett ikkje når pressa er tilstades.

Solfrid Uleberg og sonen Emil Andre’ var hjarteleg tilstades på basaren. Om John Gunnar var tilstades  he me ikkje klart å få noke svar på, men du verden kor lik denne vesle karen er på far sin. Det skal han i alle fall ha.