Odden Camping på
Evje
Du må reise langt
for å finne maken.

Turistane
trivast på Odden Camping. Dei kjem attende år etter år. Dei kjem ikkje
åleine men i hop med halve venekrinsen og dei næraste pårørande. Rykta
om det gode miljøet, dei gilde folka og den flotte campingplassen sprer
seg som eld i turt gras. Snart fær dei meir å tale om. Etter ein
rusletur rundt på plassen i morgonsola er det lett å skjøne kvifor.
Campingplassen ligg som ein fredeleg oase, få hundre meter frå den
travle handlegata i Evje sentrum. Reint, velstelt og med det finaste av
vår lokale natur som rammeverk kring det heile.

Gudrun og Jørn
Salvesen held på å utvikle campingplassen, og området rundt, til noke så
vakkert og spesielt at du må reise svært langt for å finne maken. I
desse dagar held fagfolk frå Lundberg Planteskole på med å opparbeide
eit 10 da stort område til ein blomehage og eit parkanlegg me ikkje he
sett maken til. Der det tidlegare låg ei steinrøys med 350 kubikk
skytestein er det no i ferd med å teikne seg eit botanisk eventyr.
Sjølve hageanlegget vert delt inn i m.a. 3 ulike ”temahager”. I
rosehagen vil du finne meir enn 100 ulike slag roser. I den
japansk inspirerte hagen vil du m.a. finn ”formklipte” busker som er med
på å framheve det særeigne japanske floraen. Det vert og ein eige
”mosehage” med lokale mosevarianter og bregner. Det heile naturleg
integrert blandt mektig lokal furuskog.

Anneli Rose
Bengtson er ”hageteiknar” og var den som byrja å planleggje
parkanlegget. Ho såg ei voldsom utfordring i steinhaugen som låg på
utsida av resepsjonsbygningen. I dag er ho stolt av å vere med på dette
unike prosjektet. Ja ho seier beint fram at dette er noke av det mest
spanande ho he vore med på. Ho deler livet sitt inn i to bolkar: ” Før
– og etter Odden camping.” Her lærer eg noke nytt kvar einaste dag. Det
er viktig å verte sveitt på ryggen og få jord og mold under neglene,
Mykje betre enn å site på skulebenken og blake i fagbøker av ulike slag.
Me trur ho på kvart ord. Full av sjarm og entusiasme gyv ho laus på
neste rosebusk. Anneli Rose, som ho heiter...

Gudrun kan
fortele om spanande planar for den nye parken. Det måtte lokal
overtalingskunst til for å få ungjenta til å posere i det nye
fossefallet. I samband med parken er det planar om eit kombinert
vertshus og kro. Det er og laga til ei scene av naturstein. Scena skal
heite ”Rett frå levra”- og her kjem nok både lokale og internasjonale
storleiker til å underhalde, medan Fennefossen buldrar i bakgrunnen.

Blandt tusenvis
av av Roser, Orkidear, Stauder, buskar og Rhododenron er det laga små og
store vasskulpar, basseng og dammar. Bruer, fontener, ljos, og
røykmaskinar skal lage ei stemning du sjeldan eller aldri vil gløyme.
Det vil og kome ein plantemarknad med utsal av blomer og planter som du
finn i di vandring i parken. Dette er eit parkanlegg som ikkje berre er
reikna for gjestane på campingplassen men like mykje for bydefolk. Ein
”visningshage” er kanskje det rette namnet på slikt. Odden Camping vil
utan tvil verte eit nytt Fyrtårn i regional reiselivssamanheng. Om
dette er det liten – eller ingen tvil. Så høver det seg å gjere merksam
på at parken er tilgjengeleg for rørslehemma.

Det er Lundberg
Planteskole frå Eydehavn som he hovudoppdraget med parkanlegget. Sjefen
sjølv, Karl Fredrik Lundberg (t.v.), er full av lovord om dette
prosjektet. Han er bunn ærleg når han seier at ein må reise svært langt
for å finne noke som liknar. Med seg på laget he han hatt 7- 8 tilsette
som alle he gjort ein fantastisk jobb. Dersom alt går etter planen vil
parken stå ferdig til høgtideleg opning våren 2009. Då kjem me garantert
attende med ei kraftig reportasje. I fargar.
Lundberg krev,
utan atterhald, at me må take eit bilete av ”Gunnar Grevling” – eller
Gunnar Myklebostad ( t.h.) som det stend i kyrkjebøkene. Makan til
gravemaskinkøyrar he Lundberg ikkje sett makan til. ”Når Gunnar er
ferdig med økta er underlaget slett som stovegolvet heime.
Niveleringskikkert, jarnrive og krafse er ikkje lenger naudsynt.” Jørn
og Gudrun he hyra i inn det aller beste av fagfolk til dette oppdraget.
Resultatet kan du sjå sjølv.

Me ser fram til
bløminga på Odden Camping neste vår. Kanskje vakar auren i ein av
vasskulpane, medan Gudren serverer kaffe og vaflar frå terassen i
Vertshuset og Ivar Bøksle syng Sørlandsviser frå den nye scena, ”Rett
frå levra.”
Fleire bilete
frå blomeparken ser du under her. Klikk på bileta, og dei vil truleg
endre storleik.
