Kronerulling – Ljosheimparken

Status pr 29.desember 2008

Bidragsytar Beløp
Valle Radio kr 1 500,-
Fargehuset Evje A/S kr 1 500,-
Tove Mette`s Spa Salong kr 1 000,-
Evje Bygg AS kr 1 500,-
Evje og Hornnes Røde Kors kr 2 000,-
YX - Evje kr 1 500,-
Firma Torgeir Lund kr 1 500,-
ICA - Evje kr 1 500,-
Kilefjorden Camping kr 500,-
Indre Agder Transport kr 1 500,-
www.moisund.com kr 1 037,-

Totalsum    

kr 15 037,-


-Fotballgruppa til Otra IL stiller med dugnadskraft til utbygginga!

Skriv frå kommunen vedrørande aksjonen

Moisund.com ser svært positivt på initiativet som er kome frå fleire av dei tilsette ved Evjeheimen om å utnytte  eit område på sørsida av «heimen» til ein park for både tilsette og innlosjerte (sjå tidlegare artikkel)

No vil me freiste å få med våre sambygdingar på eit spleiselag slik at dette kan verte ein park- og eit uteområde der alle kan trivast, og som heile bygda kan vere stolte av. Som eit startskot, på ei kronerulling, gjev moisund.com heile øveskotet for 2008, kroner 1037.- til føremålet. Me oppmoder samstundes lag, foreiningar, privatpersonar og næringsverksemder til å kome med sitt bidrag. Så langt me maktar vil me og tilby redaksjonell omtale av foreiningar, lag og verksemder som måtte ynskje dette i etterkant av eit slikt bidrag på konto: 2901.21.45843

Sjølvsagt vil moisund.com, til ei kvar tid, halde sine trufaste lesarar i inn – og utland oppdatert på ei kvar rørsle på denne kontoen. På førehand, takk for ditt bidrag.

Send ein e-post til post@moisund.com når du har sett pengar inn på konto 2901.21.45843. Slik held me greie på bidraga. Dersom du ynskjer å vere anonym så skal du sjølvsagt få høve til det! Merk innbetalinga med "Kronerulling Ljosheimparken" og skriv "Anonym" dersom du ynskjer dette.

 

 

Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl