Alternativt jolebord.
Kreative verkstadfolk hjå
Lantz Auto.
Foto: Lantz Auto

Den internasjonale finanskrisa gjer sitt til at mange må – og bør tenkje
nytt. Dette gjeld så vel private som det gjeld næringslivet. Joleborda
er ikkje lenger så prangande og utsvevande som dei he vore dei siste 10-
15 åra. Ei sund og vetug forandring dersom du spør oss i
redaksjonsklubben på Moi. Hjå Lantz Auto på Evje tenkjer dei og nytt.
Truleg ikkje fordi det er naudsynt. Her talar me om ei velrenomert og
solid verksemd. Dette er nok meir eit signal til det øvrige næringslivet
om at i desse tider kan det vere lurt å trå litt varsomt. Me tykkjer
dette var så folkeleg og kreativt at me beint fram gjev gutane – og
jentene hjå Lantz Auto gratis spalteplass, midt i beste sendetid.
Samstundes vil me ynskje heile gjengen ei god jol og eit velsigna godt,
nytt år.


