Korleis vert DU sponsor?

Fantastisk initiativ frå tilsette på Evjeheimen:

«Ljosheimparken»


F.v. Torgeir Hodne, Notto Kjetså, Ingunn Hansen Desmond, Ellen Karin Rosseland og Laila Kleggetveit.

Kvar dag, kveld og natt gjer dei sitt beste for at bebuarane på Evjeheimen skal ha det så godt som mogleg. Dei lukkast. Vår lokale eldreomsorg må vere noke bort i mot ei mønsterverksemd. Du fær raskt høyre dette dersom du tek turen innom ein ven eller eit familiemedlem på «heimen.» Eit iniativ frå dei tilsette fekk god respons frå driftsleiar i kommunen, Torgeir Hodne. På biletet over ser du ein del av prosjektgruppa som alt er i sving.

«Ljosheimparken» kan verte ein realitet alt fyrstkomande sumar. Eit friområde, på om lag eit mål, mellom Ljosheimvegen og Evjeheimen kan verte omgjort til ein etterlengta uteplass / park for både tilsette og bebuarane på heimen.

Når området er ferdig planert, gangvegar asfaltert og naudsynt småskog fjerna, er det eit ynskje å få til ein koseleg uteplass med bord, benkar og kan hende ei høveleg grillhytte der folk kan samlast. Her kan t.d. pasientar trillast beinveges ut i friluft utan å gå vegen om heisen og endelause korridorar. Det vil nok vere naturleg å avgrense parken med eit gjerde mot vegen og mot parkeringsplassen. Slike detaljar lyt kome etter kvart.

Omtrent her kunne dei tenkje seg ein god benk og eit lite lokalt lygarbord. « Knoll og Tott » ser fram til å take fatt på dette prosjektet. Endeleg utforming av «Ljosheimparken» er førebels på teiknebrettet. Mange he sikkert ei meining om korleis dette bør vere. Utgangspunktet er i alle fall det beste. Samarbeid mellom tilsette og administrasjon. Tilsette som vil gjere det triveleg på eigen arbeidsplass – både for seg sjølve og for bebuarane.

Til slutt vil me sette fram ein ide som kan hende er liv laga. Kan dette verte eit spleiselag mellom kommunen, det lokale næringsliv og ulike lag og foreninger? Dugnadsånda stend sterkt i nærmiljøet vårt. Me he røynsle for slikt. « Ljosheimparken» kan verte eit nytt døme på nettopp det……