Alarmen gjekk i bladstova,
måndagskvelden klokka 22:24. Entrepenør Svein Hannås var ute på
jordet og gjorde naudsynt arbeid med gravemaskinen. Brått gneista det i
metall. Nærare
undersøkjing synte at dette var ein granat, truleg frå krigsåra. Moifolk
he røynsle med slikt. Bombekastargranatar er ikkje turvande leiketøy.
For få veker sidan vart eit stort område på
Moi Vest avsperra av linsmannen då det vart funne to granatar av dette
slaget. No er det
Austkysten som er råka.
Svein er ein vetug og ansvarsfull mann.
Korrekt i all si framferd. Han ringa straks
linsmannskontoret i Kristiansand. Gutane der var lite huga på ein tur
til Moi slik like før leggjetid.
No ligg granaten og blenkjer i måneljoset. Kven som he ansvar for
tryggleiken på Moi dei næraste timane og dagane er framleis eit ope
spursmål. Granatar er ikkje leiketøy. Moifolk he røynsle med
slikt.