Korleis vert DU sponsor?

Grobotn 4H

Tradisjonell haustfest.
Foto: Heidi Kallhovd

Fredag 31. oktober vart det skipa til haustfest i matsalen på gymnaset. Mykje godtfolk var samla. Banksjef Kjell Omland frå den lokale sparebanken og Hilde Skjeggedal frå fylkeskontoret til Aust Agder 4H  delte ut diplom, plakett og heidersteikn til ein flott ungdomsgjeng. Det er imponerande når heile 37 ungdomar gjennomfører kvar si 4H oppgåve. Eit resultat av eit framifrå ungdomsarbeid og eit prov på at det er mykje gild og kjekk ungdom i denne bygda vår. 4H plaketten er ei utmerking som heng svært høgt og som fortener heidersplass på stoveveggen. Frå Grobotn 4H på Hornnes var det 5 personar som mottok plaketten denne festkvelden: Karine Smeland, Gjermund Barstad, Tonje Kallhovd, Espen Lantz og David Møllen. Me nyttar høvet til å gratulere med innsatsen.

Det er tradisjon for mykje god og variert underhaldning når 4H kallar inn til fest. Sketsjar, moteshow og spørjekonkurransar var noke av det som stod på programmet denne kvelden.

Utstilling og framsyning av dei ulike 4H oppgåvene er eit anna høgdepunkt i samband med den årvisse haustfesten. Mykje lærerikt arbeid ligg bakom kvar einskild utstilling. Ja, og tenk så flott- heilt utan skjerm, harddisk og tastatur. Framleis er altså det mogleg.