Reisebrev frå
Amerika.
Fråhaldsrørsla stend sterkt.

Like etter andre
verdskrigen reiste ei jente frå Moi, Tora Jotebakken, til Amerika for å
tene til livets opphald. Etter få dagar i det store utlandet skreiv ho
eit kort som ho sende til vener i heimbygda. Tora var fråhaldskvinne på
sin hals. I Amerika hadde ho heilt tydeleg møtt kvinner med same syn på
brennevin og sterk drykk som ho sjølv hadde. Når ein ser på dette
biletet, og desse sjarmtrolla, ja då er det ikkje vanskeleg å skjøne at
mange mannfolk let flaska stå og ofra seg for kjærleiken.
