Ny forretning
opnar på Moi
Ikkje kvardagskost.

Oddmund Stømstad – med dynna på glytt for eit nytt forretningseventyr på
Moi.
Handelstanden på
Moi auker med 100%. Det vert på nytt liv i den gamle fjellhallen i
Hannåsfjellet. Oddmund er tilbake som handelsstyrar i lokala der han
tidlegare var i teneste som lagerarbeider for Nato og Forsvaret, det
norske. Generalane og majorane er jaga på dør. No heiter sjefen Bernt
Mykjåland og er busett i Kristiansand.

Mykjåland driv
m.a. verksemda « Lagersalg as » på Nodeland.
No opnar han filial på Moi.
I fyrste omgang er det bildelar
og biltilbehør som vert å finne i lagerhyllene. Prissetjinga er enkel og
grei. Alle varer -50% av rettleiande butikkpris.

Kva som vidare
kjem til å skje i dei ulike hallane inne i fjellet er ennå uvisst.
Mykjåland seier til moisund.com at dersom det vert god handel no før jol
så er det høgst mogleg at dette kan verte ei permanent løysing for sal
av m.a. varer frå verksemder som er råka av konkurs og nedleggjing. Då
vil vareutvalet utvidast til å gjelde t.d. klær, sko, verktøy og elles
ulike ting og tang til hus,heim og hage. Eit unikt handelssenter er i
ferd med å take form innvortes i fjellet, på vestsida av Gullringstjønn.
Ei handlegate det ikkje finnast maken til i heile Setesdalen. Ei
handlegate som ikkje er avhengig av korkje ver eller vind. Plent som i
byen.

No jobbast det
seint og tidleg med å få varene på plass. Luftilter, oljefilter,
bremseklossar, olje, verktøy, bremseskjever og lykteglas.

Me tek sjansen
på å skrive at dette er baklykta til ein Mercedes. I Hannåsfjellet fær
du altså slikt til halv pris. Det må nå kunne kallast eit røverkjøp.

Det er Oddmund
Strømstad og Gunnar Wikstøl som skal dele på oppgåva som varehussjef. Me
kjem attende med detaljerte opplysninger om opningsdag og opningstider
så snart dette er klart. Du lyt fye med på moisund.com – bygdebladet for
dalstroka innanfor.
