Korleis vert DU sponsor?

Hannåsvollen Gård på Kjetså

Eit lokalt skattkammer.

Ein tur til Hannåsvollen Gård, i botnen av Brennevinskleiva, gjer at du raskt kjem i førjolstemning. Det er ikkje å take for hardt i å kalle dette for eit lokalt skattkammer. Her bør dei aller fleste kunne finne noke som høver til hus og heim. Både til seg sjølve – og med tanke på den store høgtida som nærmer seg svært så raskt.

Her finn du både jolenisser, måleri, møbler, krukker, koppar og kar. Stearinlys, puter, pledd, rosemåla skåp og lysekroner i «ekte Bohemia  krystall.» Me kan ikkje remse opp allt. Tak deg ein førjulstur til Hannåsvollen, og du vert garantert ikkje skuffa. Ein noke annleis handletur. Langt borte frå  elektroniske jolenissar, mannvonde parkeringsvakter, fargesprakande plakatar og endelaus bilkø.

Det er imponerande å sjå korleis innehavaren, ho Kjersti, he stilt ut varene oppe på låven, nede i fjoset og  inne i lortekjellaren. Kreativt, lunt og innspirerande.

Puter, dukar og pledd i alle regnbogens fargar. Noke for ein kvar smak. Låven er open alle dagar, bortsett frå måndag, fram til jol. Opningstidene er frå klokka 12:00 – 17:00.  Mogleg det vert ei utviding av opningstidene i jolemånaden. Det finn du ut dersom du klikkar deg inn på logoen til Hannåsvollen Gård – på framsida til moisund.com.

Kjersti Våge heiter jenta som driv Hannåsvollen gård. Smilande og blid tek ho i mot gjestane på låven. Her serverer ho nykoka kaffe og lapper med jordbersylt. Då vakthavande journalist var innom Hannåsvollen sundag, få minutter etter opning, var det smekkfullt på låven. Lappane var himmla gode. Eg lurte med meg eit par i lomma før eg rusla ned låvebrua.