Fredag den 7.
november og Heradstyret tok sete i tingsalen.
Blomkålsuppe,
flygarutdanning og busetjing av flyktningar.

Torunn Bjoraa (Krf) og den mektige rektoren på ungdomskulen, Kjell
Hansen.
Det er ikkje mykje
teikn til korkje dramatikk, trugsmål eller uvenskap i samband med møta i
Heradstyret. Dei fleste sakene vert vedteke samrøystes. Slik vart det
også denne fredagen i byrjinga av november. Ei viss spaning vart det
likevel då den gamle ringreven Sigmund Monen ( Krf) tok sete blant dei
folkevalde. Mange frykta at no var tida mogen for ein ny og lang
museumsdebatt i samband med budsjett og økonomiplan. Sigmund var tagal.
Sat for det meste med bøygd nakke og attlatne augo. Ei politisk karriere
er på hell.

Ingen les
sakspapira meir grundig enn «røysta frå Kleveland.» Stø som
grunnfjellet, røynsle, trufast mot talemålet og hovudfagseksamen i
statsvitskap. Sjølv Dreng Homme vågar ikkje å ordkløyvast veteranen frå
Senterpartiet. Ein av dei få her i dalen som var på førenamn med Per
Borten. Statsministeren.

Før alvoret tok til
i tingsalen så vart dei folkevalde beden på omvisning på det nye
skulekjøkkenet på Evje. Her vart det skjenka blomkålsuppe og rundstykker.
Ordføraren var, slik offentleg etikette tilseier, fyrst i matfatet. Han
tok til seg dugeleg i fleire vender. Det same gjorde Egil Kjebekk.

Line Vennesland
(Ap) er på full fart mot Løvebakken. Neste år, på denne tida, sit ho
truleg og et stompeskjeve i Stortingsrestauranten. Dette vart ei grei
generalprøve på bordskikk og høveleg framferd.

Dreng Homme vart mektig imponert då
Sigurd Auestad, på vegne av m.a. «Luftfartshøyskolen
Sør – LHFS» presenterte planane for ei bachelorutdanning av
trafikkflygarar og flygeleiarar på Evjemoen. Eit stort prosjekt i
nasjonal samanheng og eit eventyr for vår vesle innlandskommune.
Planlagt skulestart er hausten 2009. Ein tek sikte på å utdanne 68
studentar kvart år. Elevane skal innkvarterast i dei gamle
mannskapsbrakkene i søndre leir. Det skal kjøpast inn 4 motorseilfly og
3 flysimulatorar. Utdanningsprosessen vil foregå både på Evjemoen og i
Froland. 50 nye kjærkomne arbeidsplassar. Proffesorar, lektorar og
amanuensar medrekna. I fylgje Auestad er store delar av luftfartsmiljøet
i Noreg svært positive til dette prosjektet. Det same er Avinor. No er
fyrste prioritet å få tak i naudsynt kapital. Våre vener på Agderbenken
he såleis ei viktig oppgåve fram mot revidert Nasjonalbudsjett. Knut
Karlsen kan framleis sove godt om nettene. Det vert ikkje støy av desse
nye skuleflya. Korkje på Grenjå eller på Gudvangen. Dei bråker ikkje
meir enn ein middels stor sjølvgåande plenklyppar frå Maskinsalg.
Ikkje meir enn ein
pensjonert embetsmann kan – og bør tole.
Eit lite paradoks i
det heile er det likevel at i Oslo, med kontor på Stortinget, sit Kjell
Ingolf Ropstad og kjemper for meir pengar til jernbane og snøggtog. På
Evje sit hans aldrande far, ordføraren, og kjempar for titals millionar
kroner til flytrafikk på Evjemoen…. Same parti - og eplet fall denne
gong svært langt frå stammen.

Eit samrøystes
Heradstyre vedtok å take i mot 15 nye flyktninger, hjelpe Setpro som
treng meir kronasje, revidere eksisterande kommuneplan og auke låneramma
til Setesdal Miljø og Gjenvinning. Eit samrøystes Heradstyre fekk
kraftig og velfortent kjeft av leiaren av kontrollutvalet, Bjarne
Johansen. Heile møtet vart sendt beinveges på Evje Radio. Dreng Homme
var på talarstolen 14 gonger. Olav Arne Kleveland berre ei gong.

