Korleis vert DU sponsor?

Er hjorten i ferd med å ta øve etter elgen?

Mange he sagt mangt om hjorten og dens innpass i landsdelen og dalstroka innanfor. For mange år sidan var det meir elg i skogen enn tyttebær, slik har det ikkje vore dei siste åra. No kan ein plukke mykje tyttebær utan å sjå noko elg. Laurdag vart det gjort ein observasjon av hjort som nok manglar sidestykke i Honnesskogen. På Rysemoen fekk portalen sin utsende fotograf auge på ein heil flokk av arten. Heile 10 hjort på same bilete. Det var rimeleg mørkt i kveldinga, så kvaliteten vart noko redusert.


Heile 10 hjort var det på dette jordet på laurdagskvelden. (Foto: LASSE LIESTØL)