Korleis vert DU sponsor?

Noregspremiere på Evjemoen Kino

Fleire år etter at den siste garnisonssjefen vandra ut av porten i militær gallauniform for siste gong, var det igjen klart for galla på Evjemoen. Det var Noregspremiere på den siste James Bond filmen, Quantum of solace. Med velkomstdrink og ope bar med skjenkeløyve på det meste. I tråd med gamal James Bond ånd. I tråd med med gamal ånd i befalsmessa.

Eige buss var sett op for å frakte folk frå Honnes og Evje. Diverre var det ikkje sett opp noko buss til kulturhovudstaden på Moi, slik at redaksjonen måtte køyre sjølv og difor ikkje fekk høve til å smake på ein ekte 007 drikk.

Tony var leigd inn som vakt for å sjå til at folk ikkje tok til seg meir enn ein velkomstdrink kvar. Colin som hadde ansvaret for baren skal og ha noko å leve av....

Dei alltid velkledde Dag Svenning og Colin Morgan synte seg fram for kulturleiar og initiativtakar, Irene Falck Jensen. Gallauniforma dei bar skil seg noko ut frå den som vart nytta under garnisonsballa for nokre år sidan. Mon tru om dei kunne reise frå selskapet som kveldens James Bond?

Casiono Royale bar i kjellaren og Goldfinger bar oppe. Ikkje noko å seie på kreativiteten i samband med Noregspremieren....

Spenninga var stor i salen i minutta før Noregspremieren vart køyrt i gong. Rundt 150 personar var tilstades på den fyrste førestillinga som dette bilete er teken frå.