Korleis vert DU sponsor?

Evje og Hornnes er eit kjend reisemål i utlandet!
Foto: Vegard Nicolaysen


Flyfoto av byen Kabul kor Vegard Nicolaysen he sendt reisebrev frå......

Vegard Nicolaysen he sendt øve nokre bilete som syner at Evje og Hornnes er avmerka på verdskartet. På eit trafikkskilt i byen Kabul i Afghanistan er alle dei største byane i verden merka av med avstand til dei einskilde. Saman med New York, Paris, Tokyo, Berlin  og ein del andre kjende reisemål he sjølvsagt Evje og Hornnes fenge sin plass. 1800 mil skal det vere frå Kabul til kommunegrensa. Rykte vil ha det til at Moisund no he fenge ein sentral plass på skilttavla. Me vil difor så snøgt som mogleg sende ned ein fotograf for å stadfeste dette. Denne vil sjølvsagt ha med seg ein GPS for å få den nøyaktige avstaden frå det tidlegare postkontoret med adresse 4673 Moisund til hovudgata i Kabul.