Korleis vert DU sponsor?

Fann familieleivningar i hagen!

Etter at ein ektefødd arkeolog i morgontimane tysdag denne veka kom til Kyrkjebygda i Åseral har storinvestorar og den formuane elite i kommunen byrja å få kalde føter. Livet i Åseral vert aldri det same igjen.

I samband med utarbeiding av ein ny sentrumsplan i Kyrkjebygda har ein sett det som naudsynt å få på plass ei undersøking av grunnen for å sjå til at ein ikkje raserar spor etter tidlegare busetnader i området. Knut T Austrud avsløra for ei tid sidan at han gjekk svanger med planer om leiligheitsbygg på eigedomen attmed Lorden`s Kro. Under mottoet ”kortreist veg til puben” såg han føre seg snarleg rikdom og entre i den formuane elite i bygda. Etter at Tom Stulien no er teken inn i varmen til arkeologisk samskipnad, var det sjølvsagt at denne røynde maskinføraren skulle stå for gravinga. Med fast hand styra han spakane på gravemaskinen med same presisjon som ei teskei, i sylv! Han hadde ikkje grove lenger før det vart gjort funn på den beste matjorda til den komande eigedomsbaronen, Knut T Austrud. Med følsam skuffe henta Tom opp noko som han meinte måtte vere leivningane til ein av forfedra til Knut T. Tom meinte at likskapen var så stor at det måtte vere slektskap i direkte ledd oppøve. Han grov difor straks alt han hadde funne ned i haugen igjen. Han meinte det fekk vere nok med ein Knut T i bygda. Det vart og funne gamle eldstader frå elgjakta i Austrud for nokre år tilbake. Desse vart nøyaktig merka og utgraving vil ta til om enn med noko meir finslepen reiskap enn kva Tom har (utan å seie at det er noko gale med reiskapen til Tom). Det neste som no står for tur er garasje, bustad og jordbæråkeren til Knut T. Om Tom Stulien skal stå for utgravinga her, er noko uvisst. Ein ting er sikkert. Knut T kan sjå langt etter prosjektet ”kortreist veg til puben”!  

Tom Stulien syner Knut T Austrud kor han fant leivningane etter stamfaren hans. Hyttebaron Kjell  "Ironhand" Ljosland og skrotnisse, Birger "Biggen" Øyulvstad, kan konkludera med at Knut T ikkje vert teken opp som medlem i den formuane elite i næraste framtid.

Leivningane ved sida av Knut T er ikkje frå stamfaren hans. Desse låg attmed eldstad nr.4 (andre drev fyrste dag i elgjakta 1974) utan at arkeologane endå har funnet ut kva det er for noko.    


Desse planane kan nok Knut T sjå langt etter no.......

Sjå tidlegare artikkel her!