Korleis vert DU sponsor?

Lordens Kro he no blitt eit handlesenter

Klokka 12:00 i dag opna den nye gåveforretninga i sentrum Kyrkjebygda i Åseral. I lokala til Lordens Kro har no Mary Ann Vestøl saman med mannen Rune Åsland opna verksemda som Mary Ann har drøymd om i fleire år. Eit eige gåveloft med det meste ein treng for å pynte opp i heimen.


Adm.dir Mary ann Vestøl og vaktmeister Rune Åsland er spente på korleis den nye butikken vert motteke i sentrum av Kyrkjebygda. Lordens Gåveloft er namnet på tilskotet til handelsnæringa i Åseral.

Samstundes som dei sel tradisjonelle gåveartiklar så er dei og forhandlar for ein del lokale produsentar som Anton Torsland (Snekkerboden), Lene Nesland og Anne Kate Åsland (foto), Åseral Industrier (møblar), Elins Gaveverksted (rosemåling), Sissi frå Iveland (smykke), Gunnar E Helle (sylvsmed).


Det var hektisk dei siste minutta før dørene vart opna.

Dei vil halde ope kvar dag frå kl 12:00 (laurdag kl 10:00).

Sjå meir på www.lordenskro.com