Stor stemning i
malestova i Iveland
Denne
helga fekk mannfolk og ungar klare seg så godt dei kunne i Iveland. No var damene på kurs for å lære måling. Ikkje noko måling av husvegg
eller dør. Nei dei skulle lære seg kunstmåling. Avansert kunstmåling kan
du vete.
Det var ei god stemning
og låtten sat laust i dei gamle lokale til Iveland Sparebank. Måling er
blitt utruleg populært i Iveland og det er kanskje ikkje så rart. Godt
humør, fantastisk resultat og rundstykke med kaffi. Er det rart dei
trivast? Mange av dei trivelege damene er på stova fleire dagar i veka.
"Hadde du sett mannen min så hadde du skjønt at han ikkje lid noko
naud", fekk eg til svar då eg lurte på korleis det var stelt i heimen
når kveldar og helg var sett av til måling. Mannfolka hadde dei varta
opp alt for lenge, dei hadde synt dei brødboksen, så no fekk dei klare
seg sjølv!
Damene vart ikkje svar skuldig, det skal dei ha.
Dette kurset, som var
det andre i rekka etter at dei flytte inn i lokale i februar, gjekk øve
ti timar på laurdag og sundag. Det var ikkje så mange som såg føre seg
ei lysande karriere som kunstnar i framtida. Det å ha ein felles
møtestad og ein felles hobby var det viktigaste. Ein skal nok ikkje sjå
bort i frå at nokon etter kvart vil opne sitt eige atelier, spør du meg.
Flotte bilete og alt vart gjort frå botnen av. Fyrst vart det lagd ein
struktur på lerretet (her hadde visstnok ei av damene nytt
favorittblondetrusa si for å få eit godt grunnlag). Deretter vart det
nytta måling i alle slags farge, før kunstverket var klart for å
hengast på veggen.

Instruktør Anny Waage frå Lillesand
fortel kursdeltakarane korleis dei skal gå fram. Anne Synnøve Grosås,
Aslaug Steen, Marion Søtturp, Astrid Omdal, Ragnhild Lilletveit, Signe
Eidet og Lidbjørg Johsen. Alle lytta til råda frå dama med ekspertisen.

Grunnlaget er viktig. Eit dynetrekk som minna mistenkeleg på det som
vart nytta på Evjemoen den gong det var rekruttskule, gjorde susen. Ein
gamal blondeduk og mykje lim. Av fare for å verte gjenkjent så vert
ikkje bilete av blondetrusa offentleggjort.....

På veggen hang meisterverk som tidlegare var produsert i malestova til
Iveland Maleklubb.


Vegg i arbeidsrom, kontor og pauserom. Alle var dei dekorert av fine
måleri

Iveland Maleklubb, ein klubb med høg trivselsfaktor og godt humør, det
er sikkert!
