Maskinsalg på
Evje
Dobblar butikkarealet.
Ein stødig gjeng : Bak f.v. Petter Heggland og Helge Roland. Framme f.v.
Stig Berge og Atle Hægeland.
Maskinsalg
etablerte seg i Arendalskrysset, nord for Evje sentrum, så tidleg som i
1974. Få år seinare var dei på plass med ny forretning, verkstad og
stort lager påVerksmoen. Omsetninga auker kvart einaste år. Saman med
avdelinga på Hægeland vert det no omsett varer til jord, skog, hus og
hage for om lag 30 millionar kroner i året. Kraftfor og kunstgjødsel er
ein viktig del av omsetninga. Det same er maskinar og utstyr frå
leverandørane Honda og Husqvarna. Motorsager, snøfresarar og
plenklypparar frå Maskinsalg finn du snart i kvart eit gardstun i dalen.
Kundane kjem frå heile Setesdalen. Frå Åseral, Bjelland, Åpåsland og
Birkeland.

No er
forretninga i minste laget. Kapasiteten er sprengd. Like øve nyttår kjem
Vidar Smeland & co. for å starte ombygging av butikklokalet. Atle
Hægeland er sjef på huset og ser ljost på framtida. Trufaste kundar og
fagleg dyktige medarbeidarar er ein av grunnane til at han no doblar
arealet på butikken. Når den nye forretninga er klar, ei gong ut på
vårparten, vil han få kring 600 kvm å boltre seg på. I tillegg he han
altså eit lager på storleik med ein fotballbane med internasjonale mål.
Det gjeng rette vegen på Maskinsalg.

Petter Heggland
er fødd og oppvaksen på Kjetså. Til dagleg finn du denne smilande og
omgjengelege karen bak disken hjå Maskinsalg. Ein gild gut som kundane
vel å setje umåteleg pris på. Det he me nemleg høyrd. På bygda.
