Korleis vert DU sponsor?

Endeleg vart me invitert til smaksprøve!

For fyrste gong veven sin 4 år lange historie vart redaksjonen invitert til noko så fint som ei prøvesmaking. Moisund.com var invitert saman med dei store matkjennarane i landsdelen for å prøvesmake nye rettar på Bortelid Hotell. Ein nytilsett meisterkokk, direkte import frå Tyskland. 20 år gamle Jerome Kretschmer skulle få moglegheita til å teste ut maten sin hjå det ypparste av matskribentar, moisund.com inkludert. Nå skal det seiast at kroppsbygginga til den utsende bar preg av at dette var ein kropp som hadde vore heime til alle måltida.... Eg vart møtt av det nye vertskapet på hotellet samt ein blid kokk som kunne fortelje at han var ungkar og helst hadde sett at eg var ein kvinneleg journalist på rundt tjue år. Nå var det ikkje slik og ettersom eg var den einaste frammøtte i testpanelet så var det rikeleg av mat å forsyne seg frå!

Grønsakssuppe, fløytegratinert potets med mykje anna, grillspyd med indrefilet av gris og stut, røstipotets, innebakt aure, anna innebakt fisk, karamellpudding, blåbærpudding og epleringar. Her var det ikkje tale om noko Toro produkt eller Knorr for den saks skuld. Alt var ekte handtverk, fint reidd opp på eit langbord. Smaken var fortreffeleg og sjølv om eg ikkje har så mykje å samanlikne med anna enn kjøkkenet heime så måtte det bli toppkarakter (vonar at ikkje kjerringa les dette).

 
Vertskapet på Bortelid Hotell. Frå venstre Jan Oliver, Mario, Jan Eirik og Daniela. Meisterkokken Jerome Kretschmer   

Etter at tidlegare Bortelidseter Hotell fekk nye eigarar i fjor har dei denne sommaren brukt mykje tid på å renovere romma og kjøkkenet på Hotellet. Bortelid Hotell er no ferdig med dette arbeidet og vertskapet med Daneiela Koch og Mario Juric er no klar for å ta imot gjestar. Før denne sesongen har hotellet i samarbeid Color Line og andre aktørar i Bortelid køyrt ein stor kampanje for å få danske skituristar til å legge skiferien til Bortelid. Rom og kjøkken er tilrettelagt og bestillingane er alt byrja å kome inn. Medan hotellet dei siste åra har halde stengt om sommaren så tek dei no sikte på heilårsdrift og fast søndagsbuffet. Ikkje berre for danskar men og for hyttefolk, åsdøler, honndøler, andre døler og tilreisande. Etter prøvesmakinga er det mykje som tydar på at veven kjem til å legge nokre redaksjonsmøter her i framtida. Me er lei av pylse heimanfrå!