07. – 09-
november
Soknerådstur til Åpta
Foto: Oddmund Strømstad

Så glad vart Wenche R.
Høgetveit då ho såg kor mange som vart med på solknerådstur.
Helga, frå 07. –
09. november vart det skipa til soknerådstur for kyrkjelyden i Hornnes,
Iveland og Evje. Turen gjekk til Åpta misjonssenter, og heile 92
personar var med på opplegget.

Folk i alle
aldre kosa seg på turen. Det vart skipa til ulike slag tidtrøyte både
ute og inne. På sundag vart det avvikla gudsteneste der presten frå
Iveland, Thore Oustorp, tala til møtelyden.

Medan
foreldregenerasjonen sat inne i peisestova og røa øve ein kopp kaffe,
var dei minste opptekne med å vaske lekamen i symjebassenget og
ungdomen konkurerte om å stable bruskasser ute på leikeplassen.
Soknerådstur
skal vere ei sosial helg i hop med gode vener. Åndeleg og kulturellt
påfyll. God mat, sterk kaffe og kan hende eit grann frisk fjelluft.
Slik vart det
denne helga på ein svært så vellukka tur. Det meldast samstundes om at
den ny soknepresten var med til Åpta. Me he ikkje fenge noke
tilbakemelding på korleis ho oppførte seg. Det er då i det minste eit
godt teikn.

