Kommunetoppar
frå Kristiansand på skuletur.
Ein spade
er framleis ein spade
Eit
spenstig oppslag i Fevennen, laurdag 8.november, fortel om 38 rektorar
og 12 tilsette ved skuledirektørens kontor som reiste på tur til London
for å sjå på det engelske skulesystemet. Programmet høyrast både vetugt
og spanande ut. Nye impulsar kan ein stundom trenge nokon og ein kvar.
Kunnskap er som kjend inga tung bør. Gjennomføringa av turen vart på eit
vis noke amputert dersom Fevennen skriv det som sant er. Då
kommunetoppane frå Kristiansand sklei inn på Oxford Street synte det
seg at det var haustferie i London. Trøytte kollegaer frå
verdsmetropolen sat på ølstova og drakk Guinnes. Tankane deira var langt
unna mønsterplan og den vesle multiplikasjonstabellen. Velfortent ferie.
Alle skulane var lukka og låst. Lærarkollegiet frå sørlandsbyen laut
klare seg sjølve.
Det
er her nauteskapen frå reiseleiaren, Steinar Harbo frå skuledirektøren
sitt kontor, slær ut i full blom. Han meiner beint fram turen var
særs vellukka. I staden for å farte rundt i London så kunne
pedagogane no sitje på hotellet medan ein privat innleidd konsulent kom
innom resepsjonen og fortalde dei om skulane i London. Ja, ja – ein kan
vel ikkje forlange all verda for 300 000 kommunale kroner… Kvifor ikkje
vere ærleg. Heilt ærleg. Kalle ein spade for ein spade og seie at dette
var eit reiseopplegg som ikkje på nokon måte heldt mål. Det er lov å
stikke den lengste fingeren i jorda sjølv om ein er pedagog på øvste
hylle.
Omtrent
samstundes reiste to journalistar frå det vesle bygdebladet «moisund.com»
på studietur til Polen. Me ville mellom anna lage ei reportasje om ei
handlegate i den polske byen Krakow. På programmet stod og eit møte med
tilsette i den polske avisa Gozeta Wyborcza. Me vakna opp til
Allhelgensdag. Ikkje noke kva som helst i eit katolsk land. Alt,
absolutt alt var stengd. For oss var reportasjeturen spolert. Sjølvsagt
kunne me ha invitert ein lokal kjøpmann –eller to opp på hotellromet og
så kunne han ha fortald oss om handelsstanden i «Ulika Dominikanska.»
Me kan vere ærlege fordi heile turen vart kosta av eigen lønskonto. Det
vert likevel gjeve høve til å vere ærleg sjølv om det er Per Sigurd
Sørensen som styrer kontoen. Det fyer nok eit grann meir ansvar med ei
offentlege, kommunale reisekasse.

Neste gong rektorane i byen skal på
studietur kan dei reise t.d. til Hovden. Setesdalen er på sitt vakraste
om våren. Der kan dei studere t.d. sport og friluftsliv, med hovudvekt
på alpine greiner. Det er ikkje noke problem om snøen er bråna og
skiheisen er stengd. Det er då berre å få leigd inn ein privat konsulent
som kan kome innom Hovdestøylen og fortelje om korleis ein best renn på
slalåmski eller stend på snøbrett. Då slepp kommunetoppane å valse
rundt på Hovden. På same måte som dei slapp å valse rundt i London. Me
ynskjer likevel god tur. Heilt ærleg så gjer me det.
|
Merk:
Ein skuldar å gjere merksam på at same dag som 50 skulefolk frå
Kristiansand reiste til London for å studere engelsk haustferie,
så la rådmannen i byen fram eit budsjettforslag med kraftige
nedskjeringar i skulesektoren……. |

Illustrasjonsfoto
