Bowling
Ann Louise Haugen
(Evje BK)dreg til World Cup i Mexico.
Evjejenta
Ann Louise Haugen pakkar denne veka ryggsekken og set kursen mot Mexico
og World Cup i bowling. Kvart land kan sende ein deltakar i herreklassa
– og ein deltakar i dameklassa. I fjor vann Ann Loise den nasjonale
kvalifiseringa og kan såleis reise avgarde med det norske flagget på
brystet. Sist Haugen deltok i WC, Slovenia 2005, vart ho nummer 3. No
freistar ho sjølvsagt å gå heilt til topps i denne enorme tevlinga. I
talet på deltakarland er det berre Olympiaden som er større enn World
Cup i Bowling. Heile 90 nasjonar er påmelde.
Tevlinga i Mexico vert skipa til i
perioden 7.-15. november. Ann Louise legg i veg på onsdagen, den 5.
november. Mykje skal klargjerast og førebuast før sjølve alvoret tek
til. Opningsseremoni og flaggheising. Trening og kontroll av kuler og
utstyr. Midt i mylderet finn me altså ei blid og sjarmerande jente frå
bowlingfamilien Haugen på Evje. Dersom Ann Louise he prikka inn formen
tåleg greit kan ho hamne heilt oppe på pallplass. Dei he vane – og
røynsle for slikt hjå fam. Haugen i Arendalsvegen på Evje. Våre
sportsjournalistar vil fye meisterskapen minutt for minutt og skal
sjølvsagt halde Dykk oppdaterte. Du kan sjølve klikke deg inn på
www.bowling.no og få siste nyhende frå idrottsbanen i Mexico. Me
ynskjer Ann Louise Haugen lukke til i World Cup.

