Korleis vert DU sponsor?

Bilete frå Moi – år 1958

Bileta er utlånt av Odd Thoresgård. Han var befalingsmann ved sambandsverkstaden på Moi i 1958. 


Bustad og garasjeanlegg i Grønemyr. Alt dette er no borte.


Moi stasjon. I bakgrunnen ser me huset der Helga  dreiv posthus i mange år.


Posthuset og «pakkbua».

Tempo Taifun, 175 kubikk.  Eit klenodium som i dag er mykje etterspurd i dei rette miljøa.  Prislappen passerer ofte 50 - 60 000 kr for ei velholdt utgåve frå 1958. Det hadde vore moro å visst kva ein slik motorsykkel kosta ny ……

Trygve Høyberg (t.v.) og Grunde Austad på utsida av sambandsbrakka på Moi. Denne brakka låg beint øve vegen for der som Inger Anne og Tom Roger bur i dag. Brakka vart seinare riven av Sigurd Øvland frå Hortemo og fekk eit nytt liv som hytte ved Honnekilen.


Trygve Høyberg og Kjell Lindholm

Trygve Høyberg (t.v.) og Steinar Stokkeland he visst fenge auge på noke spanande lenger oppe i Moivegen.

Ei topp moderne verkstadvogn stend parkert på utsida av sambandsverkstaden.