Korleis vert DU sponsor?

Kor er Bortelid sentrum…

Avsløringa

Journalistar frå heile Noreg he dei siste dagane boltra seg i den fantastiske historia frå Åseral, der kommunen no skal bruke 100 000 kroner på å finne ut kor Bortelid sentrum eigentleg er. ( sjå tidlegare artikkel…………)

Moisund.com kan i dag avsløre korleis  desse pengane vert bruka. Kommunale toppbyråkratar he nemleg leigd inn eit helikopter frå lutlaget ”Airlift.” Mykje tyder på at det er enklare å få auge på Bortelid sentrum berre ein kjem eit grann opp i lufta. Etter landevegen tykkjest det vere håplaust. Rettare sagt umogeleg.

Flygaren, ein rappkjefta, nyvaska og omgjengeleg finnmarking, seier han aldri he vore borte i maken til oppdrag. Han he leita mykje etter bortkomne skituristar og fjellfolk. Aldri nokon gong tidlegare he han leita etter eit heilt bygdesentrum.

Flygemaskinen stod parkert, og halvvegs bortgøymd, like nedanfor skisenteret. To journalistar frå Moisund.com, i ein gamal svensk bil, fann Bortelid sentrum i løpet av få minutt. Åseral kommune brukte helikopter ein heil dag og veit framleis ikkje om dei he funne svaret på dette viktige samfunnspørsmålet. Ja, ja, det er mange måtar å finne budsjettballansen på. Det er mange måtar å bruke 100 000 kroner på. Det skal dei i alle fall ha, på rådhuset i Kyrkjebygda.