Korleis vert DU sponsor?

Baksida av medalja

Bilkø får Birketveit til Frigstad

Den røynde maskinentrepenøren Johnny Aas frå Evje fekk nyleg totalentreprisa på å leggje ein vassleidning på austsida av Birketveittjønna i Iveland.  Arbeidet skulle gjerast midt i den travle trafikkåra, på vegen inn mot kommunehuset.

Mange tider er det svært utfordrande å arbeide under slike trafikale tilhøve. Entreprenøren hadde send bod etter røynde fagfolk til å dirigere trafikken i Iveland denne føremiddagen. Du ser det på kroppspråket til Johnny. Han var ikkje mykje nøgd då det synte seg at Borge Tørå var  tildelt denne ansvarsfulle oppgåva. ”Dette er då ikkje jobb for tunghøyrde pensjonistar” støna entreprenøren. Han fekk rett.

Mannen fekta med armer og føter. Skjelde og brølte. Snart stod det kø av mannvonde trafikantar frå Birketveit til Frigstad.

Til sist gjekk alt i strå. Ei kolonne med lastebilar vart ståande bom fast. Borge vart send til Solberg, langt utanfor allfarveg, for å reinske opp i ei stikkrenne. Klokka 13:15 vart det sett opp trafikkljos ved brannstasjonen på Birketveit. Snart kom trafikken i normal gjenge att. Pensjonistar bør eigentleg halde seg til treskjering og hekling.