Bill Abusland –
utflytta Honndøl
Ukrut forgjeng ikkje så lett.

Redaksjonen he
tidlegare etterlyst bilete frå elgjakta. No byrjer folk å vakne, den
fyrste spaninga er utløyst, og det kjem stadig inn bilete frå stolte
elgjegarar. Denne gongen frå jaktlaget på Åpåsland. Den røynde
friluftsmannen, elgjegeren og skulesjefen Bill Abusland var den
9.oktober på heimlege trakter i hop med elgbikkja ”Tuva.” Bill var
hundeførar og etter kort tid fekk bikkja los. Alt gjekk etter boka slik
det høver seg ein mann av dette kaliber. Etter ein los på om lag 10
minutt kom Jan frå Slettefet krypande frametter blåberlyngen. Heilt utan
nerver, roleg som ein sokneprest midtvegs i liturgien. Jan krumma ein av
dei stutte, avrivne fingrane kring avtrekkaren. Det small voldsomt.
Lauvet drøsa av ospeskogen og den velvaksne elgoksen, med 6 taggar på
hovudet, stupte i bakken. Bill og Jan kunne nevast. Tuva fekk sin
velfortente ros, og truleg ein aldri så liten smak av ferskt elgkjøt.

Foto: Jan i Slettefet
