Vanskelege
køyretilhøve øvst i dalen.
Uhell kan skuldast høg fart.

Bilen tilhøyrer ei
verksemd øvst i Setesdalen. Neste stoppestad vert truleg bilopphogginga
i nordre leir på Evjemoen. Det er naudsynt å minne dei vegfarande om at
det no om dagen kan vere svært vanskelege køyretilhøve på vegane
nordover frå Evje. Mykje nedbør, snø og regn, gjer vegane såpeglatte.

Denne uheldige
sjåføren he truleg ikkje avpassa farten etter tilhøva slik det stend å
lese i føreskriftene om motorferdsel på landevegen. Som vanleg, etter
slike alvorlege ulukker, vert nok Biltilsynet kalla inn for å undersøkje
om bilen er i forsvarleg teknisk stand.

Det har ikkje
lukkast moisund.com å kome i kontakt med lokale polititenestemenn, og
ein veit såleis ikkje, i skrivande stund om det er mistanke om at
sjåføren kan ha vore rusa. Ein veit heller ikkje noke som helst om
korleis lekamen til bilføraren vart sjåande ut etter det voldsome
rundkastet.
B
