Korleis vert DU sponsor?

Biodiesel på Evje vart ein flopp

Festen er over.


Ein tydeleg skeptisk ordførar Ropstad i minutta før blomeseremonien tek til.

Det er temmeleg nøyaktig eit år sidan det vart opna ein ny tappestasjon på Verksmoen. Høgtideleg opning med ordførar og delar av Heradstyret tilstades. Kaffe, kake og biodrivstoff i høge glas.


Ja stakkar, du var truleg den einaste.

Eigarane såg føre seg eit enormt potensiale i Evje og dei kringliggjande bygdene. Biodiesel, produsert av rapsolje, er visstnok miljøvenleg. Lufta skal verte reinare dersom folk køyrer med matolje på tanken. Truleg eit produkt for spesiellt interesserte. Tette drivstoffilter og halvdaue dieselmotorar er likevel ikkje den beste marknadsføringa. No er festen over. Torsdag den 23. oktober vart straumledningen skoren beint av. Heile tankanlegget vart heisa opp på ein lastebil og frakta bort frå åstaden. Utan seremoni.


Sjølv trugne Krf – folk heiv seg på flaska i samband med opningseremonien i fjor haust.

Eit industrieventyr he gjenge øve i historia. Slik er kvardagen. Marknadskreftene rår. No stend berre minna att i veggrusen. Eit ærleg forsøk som diverre ikkje lukkast. Me treng folk med pågangsmot og iniativ. Berre slik kan me byggje landet. Stein for stein.