Laurdagen den 11.
oktober var det klart for marknad på Bortelid. Strålande haustver, mykje
folk og god handel kan vere ei grei oppsummering på dagen.
Mange av
utstillarane gav uttrykk for at dei var svært nøgde med handelen. Ein
kar me tala med kunne dokumentere ein omsetnad på meir enn 120 000
kroner i løpet av handelsdagen. Sjølvsagt var han nøgd. Det heile tok
til klokka 11:00 på føremiddagen. Ein jamn folkestreøym inn på
festivalområdet vart ynskja velkomne av ”Åsetrallen” i storform. Desse
evigunge åsdølane spela i matteltet i jamne, små økter ut øve heile
dagen. Ein og annan hyttemann i knickers og Østerdalslue svinga seg på
grasvollen medan fuglehunden låg med attlatne augo og kosa seg i sola.
Snart kjende me eimen av kaffe, grillpylse, pannekaker, pinnekjøt og ein
og annan sigar. Ein folkefest som heldt på til lenge etter at månen
kasta den fyrste skuggen inn øve stemneplassen. Ungdomen kom seint, men
dei kom sterkt. Åsetrallen vart byta ut med ” 4 Weel Dryve.” Lokale
heltar med ein musikk og eit lydnivå som ikkje høver seg for korkje
Bjarne Verdal, Anton Thorsland eller Bill Abusland.
Eit bilete som på sett og vis syner spennvidda hjå
utstillarane på marknaden. Her kunne du kjøpe alt frå komplett
brudeutstyr / kjole og dress – til snøskuter og heimelaga grillpylse av
elgkjøt. Kulturbygda Åseral på sitt beste. Åsdølane på sitt beste.
Unge Thorsland frå ”Snekkerboden” er eit sjølvsagt
innslag på ein kvar marknad i Åseral. Trearbeid av høgste kvalitet og
sjølvsagt ei god historie med på kjøpet.
Livsglede eller livskvalitet. Kall det kva du vil.
Både artistar og publikum kosa seg på Bortelid
Marknad.
Lamper, lampettar, og kleshengjarar gjekk unna som
varmt kveitebrød. Utvalet var fullt på høgde med det du finn hjå dei
største Experbutikkane på austlandet. Ikea he tapt.
Sjå
fleire bilete frå marknaden her. Klikk på bileta og dei vil endre
storleik.