Korleis vert DU sponsor?

Evje Bowling

Ein møtestad for godtfolk i alle aldre.
Foto: Oddmund Strømstad

 

Vår trufaste fotojournalist, Oddmund Strømstad, hospiterer for ei tid tilbake i sportsavdelinga.  Evje Bowling he gjennom åra avla fram spelarar heilt i verdstoppen. Både jenter og gutar. Oddmund fann seg vel til rette i toppidrettsmiljøet på Verksmoen. Han skjøna raskt at dette er ein idrott for godtfolk i alle aldre. Bileta syner at det var stor skilnad i alder på dei aktive.

 

Ein pensjonert likningsfunksjonær, med sterke røter til Moi, spela seg raskt opp i tetsjiktet. I den øvste divisjonen.

 

Røynde idrottsfolk frå Evje trudde knapt det dei såg. John Ramse, frå Sindremoen, lukka augo. Han våga ikkje å sjå på siste kastet til likningsfunksjonæren.

Oddvar Hestvåg (t.h.) tok det heile med godt humør. Den karen he vore ute ei vinternatt før og veit såleis at lite er avgjort før i siste runde.

Sjølvaste direktøren, Asbjørn Haugen (t.v.), var meir enn måteleg interessert i kva slag styrkedrikk Oddvar hadde på kanna. Det svaret vil han truleg aldri få.