Korleis vert DU sponsor?

Kjell Omland på Evje

Ein skråsikker banksjef.

Kundane stend smånervøse og trippande framføre skranka. Kunderådgjevarane he meir enn nok å gjere. Telefonen kimar meir enn vanleg. Moisund.com fær audiens hjå banksjefen i Evje & Hornnes Sparebank. Kjell Omland er trygg og stø som sjølvaste grunnfjellet. Kan hende ein av dei få banksjefane i dette landet som framleis smiler og krydrar kvardagen med godt humør og ei god historie.

” Pengane i Evje & Hornnes Sparebank er sikre. Kundane treng ikkje på noke vis uroe seg for sparepengene.  Dette seier eg fordi eg er 100 % sikker.” seier Kjell. Då er det slik. Mannen he jobba i bank i snart 40år. Aldri he han opplevd så tøffe tider som dette.

Evje og Hornnes Sparebnk er ein trygg og veldreven bank. Røynde folk og godt omdøme i finanskrinser i vår landsdel. Styresmaktene krev at bankane skal site med ein minimum eigenkapital på 8 %.  Hjå banken på Evje kan dei syne til ein eigenkapital på heile 17 %.

Omland he lita tru på at bustadrenta vil passere 10 prosent. Han meiner rentetaket på det næraste er nådd.  Mykje meir er Omland uroa med tanke på ei mogleg auke i arbeidsløysa. Dette er kan hende den største  utfordringa på kort sikt. Dersom folk vert arbeidslause vil sjølvsagt mange få problem med å betale både renter og avdrag. Då talar me om ei verkelg krise.Ein ting er likevel klinkande klårt. Lånemarknaden strammer seg til kvar einaste dag. No set bankane mykje strengare krav til lånekundane enn dei gjorde for kort tid sidan. Høgare eigenkapital, solid kundeforhold og ein sikker og fast jobb er nøkkelord i denne samanheng.

Dagleg fær Kjell Omland telefonar frå bankkundar frå heile Sørlandet. Mange he, med rette, meir tiltru til ein veldreven lokal sparebank enn dei he til store internasjonale finanskonsern. Slik opplever Evje & Hornnes i desse dagar å få stadig nye innskytarar. Mange vil spreie oppspart kapital på fleire stader. Då er Evje & Hornnes Sparebank eit naturleg val.