Ei sann jakthistorie!
Det vart ein historisk
jaktdag for Åknes jaktlag. Dei fekk 4 elg på eit jag (av kvote på totalt
5) fyste dagen dei jakta i år. Så mange elg he dei aldri fenge før på
ein dag og så berre på eitt jag! Dei fire elgane datt alle i hop i
sydenden av Haupelia (som ligg sør vest for Juvassdammen). Det var 3
sekshjularar i sving for å få dyra på låven.

Ein ekstra honnør til
Olav Arnfinn Kallhovd som er pensjonert skulelærer som bur heile
sommaren på Lognavatn, og er i Sandnes på vintrane. Han er no 82 år, men
stiller trufast opp og hentar elg kvart år når dei ringer frå skogen
etter han. Det er ikke noko å utsete på helsetilstanden til den karen!

82 år gamle Olav
Arnfinn Kallhovd er transportsjef i Åknes jaktlag!
