Korleis vert DU sponsor?

Onsdag 22. oktober

Fest på Hornnesheimen.
Foto: Oddmund Strømstad

Strålande opplagt, og kledd i sin finaste stas, kunne styrar Bjørn Harald Hagen ynskje møtelyden velkomen til fest på Hornnesheimen. Det er i desse dagar 2 år sidan «gamleheimen» vart omgjort til såkalla bufellesskap. Då vert det sjølvsagt fest i stova. Frå kjøkkenet vart det servert gryterett av høg klasse. Kaffe og is til dessert. Det vart ein gild kveld for både gjester og fastbuande.

At den omtykte styraren trivast i hop me så mange flotte jenter er det liten tvil om. Han syner det i grunnen med heile lekamen. Biletet lyt tale for seg sjølve.

 

Med god drikke i høge glas kosa folk seg kring små bord i daglegstova. Ein av dei pårørande ringjer redaksjonen og ber oss takke dei tilsette for måten dei tek seg av bebuarane på. Det gjer me så gjerne.