Korleis vert DU sponsor?

Ordførar Bjørn Alfred Ropstad

Framleis sterk i trua.

Ja nå tenkjer me ikkje i fyrste rekkje på forholdet til Vår Herre. Bornetrua er den sjølvsagte rettesnora for den folkekjære ordføraren kvar einaste dag. Det var ei brosjyre på skrivepulten til ordføraren som vekkja åtgaum hjå vår utsende journalist. ”Flyskule på Evjemoen” trudde me beint fram var eit godt revynummer og eit avslutta kapittel i vår kommunale soge om nye og gamle luftslott. Ordføraren er framleis sterk i trua og vonar dei fyrste elevane på flyskulen kan ynskjast velkomen til Evjemoen i august 2009.

” Airline Pilot University College” høyrast sjølvsagt forlokkande og spanande ut. Etter 1 år på skulebenkjen i det gamle undervisningsbygget på Evjemoen – og 2 år vidareutdanning i Froland, ja då skal elevane vere klåre for utstrakt aktivitet i dei høgare luftlaga øve Kongeriket.

Det er den tidlegare leiaren i Evje Utvikling, Sigurd Auestad, som driv fram dette prosjektet. Ropstad skryt av det arbeidet som er gjort fram til no og ser fram til den endelege, offentlege godkjenninga om ikkje så altfor lenge. Den siste bolken her, offentleg godkjenning av høgskulen, vert avgjort av ei nemnd som skjuler seg bak bokstavrekkja NOKUT.

Airline Pilot University College vil utdanne ca 30 piloter hvert år. Det første studieåret vil foregå på Evje. Det andre og det tredje studieåret utdannes studentene på Arendal Lufthavn, Gullknapp.

-         Evje og Gullknapp har gode klimatiske forhold

-         Det er lite annen flytrafikk i området

-         Lite støyfølsomt nabolag og lite turbulent luft.

-         Uproblematisk og effektiv utnyttelse av aktiviteten mellom flyplassene Evje, Gullknapp og Kjevik.”

 

 

Jamsides med lesestoff om flyskulen låg ein kalkulator og blenkja i ettermiddagsola. Kan hende eit grann symbolsk, slik me ser det. Han er framleis sterk i trua, ordførar Bjørn Alfred Ropstad. Då kan mykje skje. Me he fleire døme på nettopp det....