
Moseidmoen skule – onsdag 29.oktober
Fyrstehjelpskurs
for hund og katt.

Kirsti Bjørndal, ei
ekte Hornnesjente, er dagleg leiar av Vennesla Dyreklinikk. Ein røynd
dyrlækjar med høg status innan sin eigen fagkrins. Kirsti driv no for
det meste med smådyr. Ho vaks opp i skogkanten, i nedre del av
Dåsvannsdalen, der jakt og friluftsliv var ein naturleg del av
kvardagen. Hennar kunnskap om, og røynsle med, m.a. jakthundar er såleis
ikkje tilfeldig. No vil Kirsti, i hop med resten av gjengen på Vennesla
Dyreklinikk, dele noke av denne kunnskapen med sine sambygdinger frå
Vennesla og omegn.

Bjørndal seier, i
ein kommentar til moisund.com, at dette kurset er noke heilt nytt i sitt
slag. Med seg på laget he ho fenge Vennesla Hundeklubb som stiller opp
med sprell levande dyr slik at dei ulike øvingane kan verte så
realistiske som mogleg. Frå verksemda Snøgg kjem ei vaskekte Evjejente,
Elisabeth Tellefsen. Ho vil m.a. syne fram diverse hjelpemiddel som kan
vere greit å ha tilgjenge på dersom noke gale skulle skje med din
firbeinte ven. Dyrlækjaren, i hop med Snøgg, he laga til eit eige
fyrstehjelpskrin som er skreddersydd for kjæledyr av ulike slag. Dette
vert å få kjøpt på kurskvelden.
Staden er
Moseidmoen skule. Dagen er onsdag 29.oktober. Det heile tek til kl.
18:00. I utlysinga stend det beint fram at kurset er gratis. Då er det
ingen grunn til å site heime i godstolen. Kirsti og gjengen på Vennesla
Dyreklinikk tek garantert vel i mot deg. Dersom du vil sikre deg plass
på kurset lyt du ringe tlf
381 55 600,
seinast dagen i
førevegen.
