Oddmund
Strømstad
Haust i fjellet.

Oddmund Strømstad,
ein trufast medarbeider i bygdebladet, sender stadig inn fotografiske
bidrag til redaksjonen. Oddmund ligg sjeldan i ro på sofaen. Lekamen er
stadig i rørsle. Enten i firsprang på heia eller du finn han padlande i
ein kano på opent vatn. Alltid med fotografiapparatet klart til skot. Me
er svært takksame for slike bidrag og oppmoder samstundes alle andre
trufaste lesarar til å gjere det same. Løna er klein, men me kan love
heiderleg omtale av kvar og ein. Desse bileta er frå ein tur Oddmund
hadde til Sirdal og Setesdal sist veke.






