Korleis vert DU sponsor?

Tradisjon i meir enn 30 år

Haustmesse i Otrahallen
Foto: oddmund strømstad - oddmund@stromstad.no

Haustmessa, i regi av Normisjon, he ein lang tradisjon i bygda vår. Det heile tok til på bedehuset på Evje for meir enn 30 år sidan. No er det Otrahallen på Hornnes som er åstaden for dette populære arrangementet. Messa tok til på laurdag føremiddag, klokka 11:00. Dei fyrste bilane rulla inn på parkeringsplassen meir enn ein time før messestart. Røynde messefolk veit at det er naudsynt å kome tidleg dersom ein vil sikre seg ein god plass. Haustmessa varer til seine kvelden, og det vert lange dagar for dei mest ihuga.

I år var det, den ikkje heilt ukjende ,Gunnar Prestegård som var hovudtalar. Slik ein omtykt kar trekkjer mykje folk til gards. Det surra i alle slag tungemål. Byglendinger, Ivedøler, og ein kraftig delegasjon frå Hægeland. Gildt var det og at mange hyttefolk fann vegen til Otrahallen denne laurdagen.

Loddsal, basar og matsal gjev klingjande mynt i kassa til misjonsfolket. Folk forsynte seg godt av både risgraut og rjomegraut, pylse, kaffe og kaker. Omsetninga kom opp i heile 205 000 kroner. Eit imponerande resultat.

Evjeguten Inge Flåt var ein framifrå møteleiar. Det same var Cindy Stokkeland og Torill Åtland som skipa til eigne møter for dei minste. Dette er ein dag for alle aldersgrupper. Det var song av m.a. Evje Musikklag og Evje & Hornnes bornekor. På kveldsmøtet var det Bente Flottorp som tala til møtelyden. Ein ting er i alle fall klinkande klårt. Det er berre eit kalenderår til neste haustmesse i Otrahallen. Normisjon he tradisjon for slikt.

Dersom du klikkar på bileta under så vil dei endre storleik