Korleis vert DU sponsor?

Borne – og ungdomsgruppa i Hornnes jeger og fiskarlag
Foto: Ståle Fagerlid

Ut på tur – aldri sur.

Borne-og ungdomsgruppa i Hornnes jeger og fiskarlag driv eit framifrå rekrutteringsarbeid. Driftige foreldre og føresette lærer dei små å take naturen i bruk til både leik og rekreasjon. I denne aldersgruppa er det sjølvsagt ikkje sjølve jakta som er det viktigaste. Slikt kjem seinare. Eit instinkt som ofte ligg gøymd i genene hjå kvar einskild og som blømar opp når tida er mogen og tilhøva ligg til rette for slikt.

 

 

Laurdag 25. oktober var det samling ved Furuly før turen gjekk vidare til eit spanande skogsområde nede ved Moisund. Vergudane er ikkje heilt å stole på i desse dagar. To flotte lavvoar gjorde teneste som husvære for dei som hadde ynskje om tak over hovudet. Sjølvsagt er den obligatoriske matøkta eit av høgdepunkta på ein slik tur. Kaffebål og steikte pylser er eit fast innslag. Det same er nok både brus, kakao og ei kraftig nistepakke frå heimen.

 

 

Emnet for denne spanande turen var « haust ».  Eit av oppdraga ungdomen fekk var m.a. å samle inn kogler og røter som dei kan bruke når dei eit grann nærare jol tek til med joleverkstad.  Du kan alt no merke deg laurdagane 29. november og 6. desember. Då vert det joleverkstad i regi av Hornnes jeger og fiskarlag. Då vonar dei sjølvsagt at det vert fullt hus og god stemning i stova. Dersom du, eller nokon du kjenner, kunne tenkje deg å vere med på eit spanande friluftsliv i hop med denne gjengen så ville dei setje umåteleg pris på det. Du er hjarteleg velkomen. Tak kontakt med  Tom Søyland Gustavson (97500130) eller Ståle Fagerlid (90569929).