Korleis vert DU sponsor?

Nær 50 år sidan kommunesamanslåinga
Foto: Solfrid Abusdal

Honndølane vil framleis styre sjølve.


Det var til tider lang kø i røystelokalet i Hornnes kyrkje.

Honndølane vil framleis styre seg sjølve. Snart 50 år etter kommunesamanslåinga ligg framleis åna som eit urokkeleg skilje mellom Hornnes og Evje. Mellom aust og vest. «Djupålen» tyder meir for Honndølane enn mange eigentleg vil tale om. Å tale om ei felles feiring av t.d.  grunnlovsdagen, dei to bygdelaga i hop, er som å strø  grovt salt i eit ope sår. Sist sundag skulle kyrkjelyden i Hornnes avgjerde om dei to sokneråda skulle slå seg i hop. Valkampen he ikkje vore særskilt hard eller høgrøysta. Slike val tek trauste Honndølar i sin eigne tankar. I sitt eige sinn. Tradisjonar og lokal identitet stend sterkt i den gamle stasjonsbyen. I Dåsvannsdalen særskilt.

Kva som stod på røystesetelen til den umåteleg gilde pedagogen frå Dånesmoen, Ruth Oksefjell, er det truleg berre ho sjølv som veit. Ja, kan hende he kjærasten henner, Tormod, hatt eit ord med i laget på avgjerda.

«To kyrkjer – eit sokn» tykkjest vere ei moderne, rasjonell og tåleg vetug løysing. No he likevel Honndølane, gjennom eit demokratisk val, sagt at dei ikkje vil ha det slik. Dei vil framleis ha eit sokneråd i kvar bygd.  Dette skal me sjølvsagt respektere, og vonar såleis på eit fredfullt og godt tilhøve mellom kyrkjefolket på båe side av djupålen, i det komande sekel.

Både lekfolk og skriftlærde tok del i debatten om korleis det lokale kyrkjelege arbeidet  skal organiserast dei neste åra.

Få minutt før den endelege avgjerda kjem. Hektiske minutt i valstyret. Håndplukka jenter til ein ansvarsfull jobb. Demokratiet fungerer, også i Kyrkja den Norske.